Førehandsgodkjente frivillige organisasjonar kan kontakte speltilbydaren av den lokale bingoen for å få kunne motta overskot frå bingospel. Dette blir kalla bingo med medhjelpar.

Slik går du fram

  • STEG 1: Søk om førehandsgodkjenning til å arrangere pengespel. Denne godkjenninga må vere på plass før du kan få overskot frå bingo med medhjelpar.
  • Steg 2: Ta kontakt med medhjelpar (speltilbydaren som driv bingohallen) . Medhjelparen koordinerer og sender inn søknader om løyve til bingospel frå organisasjonane.

Oversikt over medhjelparar og bingolokale kan du finne i Pengespelregisteret.

Kven gjer kva?

Det er medhjelparen som arrangerer bingoen. Godkjente frivillige organisasjonar som tar del i bingohallen mottar overskot frå denne. Medhjelpar må vere godkjent av Lotteritilsynet.

Medhjelpar sender inn samla søknad til Lotteritilsynet for dei organisasjonane som tar del i bingohallen. Medhjelpar leverer også samla rekneskapsrapport for organisasjonane kvart kvartal til Lotteritilsynet.

Førehandsgodkjente frivillige organisasjonar må sjølv rapportere rekneskap ein gong i året.

Du er ikkje garantert plass i bingohallen

Dersom medhjelpar ønsker å knyte til seg nye, førehandsgodkjente organisasjonar som kan søke om bingoløyve og få overskot frå bingoverksemda, skal dette annonserast offentleg.

Frivillige organisasjonar som kontaktar medhjelpar for å ta del i bingoen, er ikkje garantert å få plass. I ein del bingohallar er det venteliste for å ta del i bingoen.

Det er medhjelpar som koordinerer kven som kan ta del i bingoen, men Lotteritilsynet kan overstyre dette. Meiner du at du ikkje får ta del på feil grunnlag, kan du kontakte Lotteritilsynet.

Utbetaling av overskot frå bingohall

Frivillige organisasjonar som tar del i bingo med medhjelpar, får utbetalt sin del av overskotet fire gongar i året. Det er medhjelpar som utbetaler overskotet.

Fordeling av overskot frå Belago-terminalar

Belago er ei samling interaktive spel som blir tilbydd på ein spelterminal frå Norsk Tipping. Belago-terminalar finn du i bingohallar over heile landet.

Overskotet frå Norsk Tipping sine Belago-terminalar skal fordelast med 30 prosent til organisasjonane som har løyvet, 35 prosent til medhjelpar og 35 prosent til Norsk Tipping.

Norsk Tipping skal minst ein gong i månaden utbetale andelen av overskotet til medhjelparen.

Utbetaling av overskot frå Belago til frivillige organisasjonar som har løyve til å motta overskot frå bingohall, skjer ein gong i halvåret. Norsk Tipping betalar til kontonummeret organisasjonen har registrert i Frivilligregisteret.