Frivillige organisasjonar kan arrangere bingo sjølv. Då er det organisasjonen som står for alt det praktiske med å avvikle bingospelet, utan profesjonell medhjelpar.

Det er ulike omsetningsgrenser som gjeld om du kan arrangere bingo utan løyve eller med løyve:

  • Arrangerer du bingospel med årleg omsetning under 200 000 kroner treng du ikkje søke Lotteritilsynet om godkjenning eller løyve. Les meir om reglane for pengespel med omsetning under 200 000 kroner (lenke)
  • Arrangerer du bingo med årleg omsetning over 200 000 kroner må du søke Lotteritilsynet både om førehandsgodkjenning og løyve til å arrangere bingoen.

Slik får du løyve til å arrangere bingo med omsetning over 200 000 kroner

  • STEG 1: Søk om førehandsgodkjenning til å arrangere pengespel. Denne godkjenninga må vere på plass før du kan søke løyve.
  • STEG 2: Søk om løyve til å arrangere bingoen. Lotteritilsynet behandlar søknadar om godkjenning heile året. Dei som skal tilby bingospel frå 1. januar må søke innan 15. oktober året før.

Krav til løyvet

Eit løyve kan ha ei total omsetning på inntil 700 000 kroner. Lokale organisasjonar med 1 000 aktive medlemmar under 18 år, kan få eitt ekstra løyve. Lokale organisasjonar med over 2 000 aktive medlemmar under 18 år, kan få to ekstra løyve. Det må søkast særskilt om ekstra løyve.

Det eit krav at inntektene frå bingoverksemda må gå til eit ikkje-fortenestebasert formål. Det gjeld uavhengig av om omsetningsgrensa er over eller under 200 000 kroner.

Det er 18 års aldersgrense for å spele bingo.

Ikkje-fortenestebaserte formål

Omgrepet «ikkje-fortenestebasert» betyr at aktiviteten ikkje skal ha overskot som formål, og at formålet ikkje skal generere forteneste til dei som driv aktiviteten. Overskotet skal i sin heilskap gå til den frivillige aktiviteten.

Slik rapporterer du bingorekneskap

Organisasjonar som arrangerer bingoen sjølv, skal sende inn eit bingorekneskap innan seks veker etter at løyvet er avslutta. Ved løyve som er gitt for to år samtidig, skal det sendast inn bingorekneskap innan seks veker etter kvart avslutta kalenderår, ev. etter avslutta løyve (år to).