Førehandsgodkjente frivillige organisasjonar kan kontakte speltilbydaren av den lokale bingoen for å få kunne motta overskot frå bingospel. Dette blir kalla bingo med medhjelpar.
Slik går du fram
- STEG 1: Søk om førehandsgodkjenning til å arrangere pengespel. Denne godkjenninga må vere på plass før du kan få overskot frå bingo med medhjelpar.
- Steg 2: Ta kontakt med medhjelpar (speltilbydaren som driv bingohallen) . Medhjelparen koordinerer og sender inn søknader om løyve til bingospel frå organisasjonane.
Oversikt over medhjelparar og bingolokale kan du finne i Pengespelregisteret.
Kven gjer kva?
Det er medhjelparen som arrangerer bingoen. Godkjente frivillige organisasjonar som tar del i bingohallen mottar overskot frå denne. Medhjelpar må vere godkjent av Lotteritilsynet.
Medhjelpar sender inn samla søknad til Lotteritilsynet for dei organisasjonane som tar del i bingohallen. Medhjelpar leverer også samla rekneskapsrapport for organisasjonane kvart kvartal til Lotteritilsynet.
Førehandsgodkjente frivillige organisasjonar må sjølv rapportere rekneskap ein gong i året.
Du er ikkje garantert plass i bingohallen
Dersom medhjelpar ønsker å knyte til seg nye, førehandsgodkjente organisasjonar som kan søke om bingoløyve og få overskot frå bingoverksemda, skal dette annonserast offentleg.
Frivillige organisasjonar som kontaktar medhjelpar for å ta del i bingoen, er ikkje garantert å få plass. I ein del bingohallar er det venteliste for å ta del i bingoen.
Det er medhjelpar som koordinerer kven som kan ta del i bingoen, men Lotteritilsynet kan overstyre dette. Meiner du at du ikkje får ta del på feil grunnlag, kan du kontakte Lotteritilsynet.
Utbetaling av overskot frå bingohall
Frivillige organisasjonar som tar del i bingo med medhjelpar, får utbetalt sin del av overskotet fire gongar i året. Det er medhjelpar som utbetaler overskotet.
Fordeling av overskot frå Belago-terminalar
Belago er ei samling interaktive spel som blir tilbydd på ein spelterminal frå Norsk Tipping. Belago-terminalar finn du i bingohallar over heile landet.
Overskotet frå Norsk Tipping sine Belago-terminalar skal fordelast med 30 prosent til organisasjonane som har løyvet, 35 prosent til medhjelpar og 35 prosent til Norsk Tipping.
Norsk Tipping skal minst ein gong i månaden utbetale andelen av overskotet til medhjelparen.
Utbetaling av overskot frå Belago til frivillige organisasjonar som har løyve til å motta overskot frå bingohall, skjer ein gong i halvåret. Norsk Tipping betalar til kontonummeret organisasjonen har registrert i Frivilligregisteret.