Ein medhjelpar er ein profesjonell speltilbydar som arrangerer pengespel på vegne av godkjente frivillige organisasjonar.
Den som vil bli medhjelper for ein organisasjon som har løyve til å tilby pengespel, kan søke om å bli godkjent av Lotteritilsynet.
Det er eit gebyr på 20 000 kroner for godkjenning.
Søk godkjenning som medhjelpar
Gå til søknadskjemaMedhjelpar
Definisjon: Ein medhjelpar er ein enkeltperson eller eit føretak som mot ein del av inntektene eller overskotet, eller anna betaling, gjennomfører eitt eller fleire pengespel for den som har løyvet. Medhjelpar blir rekna som ein pengespeltilbydar.
Rolle: Koordinerer søknad og rapportering, og gjennomfører pengespel (t.d. bingo eller lotteri) for godkjente frivillige organisasjonar.
Godkjenning: Medhjelpar må vere godkjent av Lotteritilsynet.
Krav til medhjelpar
Krava til medhjelpar går fram av pengespelforskrifta § 40, og er som følger:
- Søkar må vere eigna til å tilby pengespel etter krava i pengespellova § 9.
- Søkar må vere suffisient, registrert i Einingsregisteret og kunne dokumentere å ikkje vere under konkursbehandling.
- Søkar må ha rutinar for å sikre ansvarleg gjennomføring av pengespel og overskotsbetaling til organisasjonar.
- Medhjelpar må rapportere rekneskap i tråd med krava i pengespelforskrifta § 42.