Kringkastarar som vil arrangere radiobingo eller TV-bingo må følge desse tre stega:
- STEG 1: Søk konsesjon: Som kringkastar (radio/tv-stasjon) må du ha ein konsesjon til å drive radio eller tv etter kringkastingslova. Det er Medietilsynet som gir ut konsesjonar. Kringkastarar som berre har registreringsplikt hos Medietilsynet, for eksempel kabel-tv, vil ikkje kunne arrangere bingo.
- STEG 2: Søk førehandsgodkjenning: Dersom kringkastarar skal arrangere bingo med samla omsetning over 200 000 kroner per kalenderår må de søke om førehandsgodkjenning frå Lotteritilsynet. Utan denne godkjenninga kan du ikkje søke Lotteritilsynet om å arrangere radio eller TV-bingo.
Det er eit gebyr på 2000 kroner for denne førehandsgodkjenninga.
Konsesjonen frå Medietilsynet må vere tatt i bruk på søknadstidspunktet, og ha hatt aktivitet dei siste seks månadane.
Godkjente kringkastarar skal rapportere rekneskap til Lotteritilsynet innan 1. juni kvart år.
- STEG 3: Søk om løyve til å tilby bingo: Dersom du har både konsesjon og førehandsgodkjenning, kan du søke Lotteritilsynet om å arrangere radio eller TV-bingo.
Søk løyve til å tilby radio- og TV-bingo
Gå til søknadsskjemaDesse reglane gjeld for å arrangere radio og TV-bingo
Kringkastar kan tilby bingo ein gang per veke per stasjon. Overskotet frå bingoen skal i sin heilskap gå til drift av stasjonen som har løyve.
Det kan søkast om omsetning på inntil sju millionar kroner per kalenderår, for kvar stasjon som har løyve til bingospelet. Ein kringkastar kan berre få eitt løyve per stasjon til å tilby hovudspel for to år om gongen.
Kvar bong skal ha påført
- salssummar
- kontrollnummer
- namn på stasjonen
- ei kort orientering om spelet
- vekenummer
- dato for spelet eller nummer for speleomgangen
Salet av bongar til eit bingospel skal ikkje begynne før det førre spelet er avslutta.
- Ein enkeltpremie kan ikkje vere på meir enn 10 000 kroner.
- Samla premieverdi for kvar speledag skal ikkje vere meir enn 25 000 kroner
- I tillegg kan det bli tilbydd ein ekstrapremie. Ekstrapremien kan bestå av ein premie på inntil 100 000 kroner per dag eller av fleire pottar som samla ikkje er meir enn 100 000 kroner per dag.
- Det er ikkje tillatt å bruke lodd, som for eksempel Flax-lodd og bingobongar, som premiar i pengespel. Dette fordi premiar i form av lodd ikkje utgjer ein reell premie, men berre ein moglegheit til å oppnå ein premie i eit anna pengespel.
- Eit unntak frå å bruke lodd som premie er om du brukar eit gåvekort til ny bingobong og har fleire premieval i tillegg. Så lenge vinnar har eit reelt val om kva premie dei kan bruke gåvekortet til, så kan ny bingobong vere eitt av vala. Men det må vere fleire reelle valmoglegheiter for vinnar.
Det er forbode å bruke bonus- eller gratisspel eller liknande personlege økonomiske insentiv jf. pengespelforskrifta § 11. Slike verkemiddel har som hensikt å fremme og auke deltakinga i pengespel (marknadsføring av spela).
Forbodet mot slike verkemiddel er innført for å beskytte spelarane mot speleproblem og gjeld alle som tilbyr pengespel. For kringkastarar som tilbyr bingospel i lokalradio og lokalfjernsyn og har det følgande konsekvensar:
- Det er forbode å gjennomføre konkurransar i bingosendingane der premien er gratis spel. Dette er uavhengig av om premien er gratis spel (bingobongar) i eige bingospel, eller pengespel frå ein anna pengespeltilbydar (for eksempel Flax-lodd).
- Kringkastaren kan heller ikkje ha konkurransar i andre program der eigne bingospel er premie. Dette vil bli rekna som eit verkemiddel for å marknadsføre bingospelet og vil derfor vere i strid med § 11 i pengespelforskrifta.
- Bestemminga hindrar likevel ikkje at andre program hos kringkastaren tilbyr konkurransar der pengespel frå andre pengespilltilbydarar er premie (for eksempel Flax-lodd). Slike konkurransar har ikkje same knyting inn i bingospelet. Kringkastar har likevel eit ansvar for at aldersgrensa på slike lodd blir halden. Det er forbode å marknadsføre slike premiar mot mindreårige.
Lotteritilsynet gjer oppmerksam på at ein del konkurransar kan komme inn under regelverket for pengespel.