Kringkastarar som er førehandsgodkjent til å tilby eller motta overskot frå pengespel, skal kvart år levere inn rekneskapsopplysningar innan 1. juni.
Skjema i Altinn blir opna for rapportering i februar/mars kvart år. Godkjente kringkastarar må sende inn rekneskapsskjema sjølv om de ikkje arrangerte radio eller tv-bingo i 2025.
Korleis skal du rapportere?
Du skal rapportere for føregåande rekneskapsår (fjoråret).
Ved avvikande rekneskapsår, skal kringkastar rapportere frå rekneskapen som blei avslutta det gjeldande rekneskapsåret. Det vil seie at dersom kringkastaren har rekneskapsår som går frå for eksempel juni til august, så skal de levere den siste godkjende rekneskapen.
Rekneskapen kan berre rapporterast elektronisk via Altinn-skjemaet under, jf. pengespelforskrifta § 88.
Rapporter rekneskap her
Gå til rapporteringsskjemaKva må du rapportere?
Kringkastar skal kunne dokumentere alle inntekter og utgifter, og skal ha oversikt over eigendelar og gjeld.
I rekneskapsskjema skal de føre inn dei samla inntektene og utgiftene frå radio og/eller tv-bingo for føregåande år. De må også gi ei kort oversikt over korleis inntektene frå pengespel blei disponert.
OBS! Dersom endringar gjer at de ikkje lenger oppfyller vilkåra, kan vi kalle tilbake godkjenninga og løyvet. Det kan vi også gjere dersom de ikkje sender inn rekneskapsopplysningar.
Kven kan rapportere i Altinn?
Den som er registrert i Einingsregisteret som dagleg leiar, eller er styremedlem i organisasjonen, har fullmakt til å levere elektronisk gjennom Altinn.
Dagleg leiar eller styreleiar for organisasjonen kan delegere fullmakt. Endring av opplysningar som gjeld organisasjonen, må rettast til Brønnøysundregistrene. Det er viktig at opplysningar om organisasjonen til ei kvar tid er korrekt i Einingsregisteret i Brønnøysund.
Nytt skjema i Altinn frå april 2026
Lotteritilsynet sitt skjema for rekneskapsrapportering, skal flyttast frå Altinn 2 til Altinn 3 innan utgangen av april 2026. Skjemaet vil få ei ny utforming og nye felt for utfylling.
Har du levert rekneskapsopplysningar i Altinn 2, treng du ikkje levere desse på nytt i det nye skjemaet i Altinn 3. For å fylle ut nytt skjema, treng du enten
- tilgangspakke «Lotteri og spill», eller
- tilgangspakke «Sport og fritid»
Har du ei ekstern rolle frå Einingsregisteret (ER-rolle, til dømes dagleg leiar, styreleiar eller rekneskapsførar) får du automatisk tilgang til skjema. Dersom du ikkje har tilgang, må du få styreleiar eller andre med tilgangsstyring, til å delegere det til deg. De finn opplysningar om tilgangspakkar her (Altinn).
Merk at dette skjemaet kan leverast på Altinn 2-roller, utfyllar/innsendar. Dei nye tilgangane og Altinn-rollene vil begge fungere ut 2026. Når Altinn 2 blir skrudd av (frå 19. juni 2026) er det ikkje lenger mogleg å delegere Altinn 2-roller. Det vil då berre vere mogleg å delegere dei nye tilgangspakkane.
Dersom du har spørsmål om tilgangspakkar, kan du ta kontakt med Altinn.