Når ein medhjelpar arrangerer bingo på vegne av godkjente organisasjonar er medhjelparen ansvarleg for å sende inn bingorekneskap kvartalsvis.

Rekneskapen skal vere dokumentert med kontoutskrift som viser utbetaling til organisasjonane.

Bingorekneskap for første og andre halvår, skal vere godkjent av revisor. Revisorstadfesting skal vere vedlagt.

Det skal sendast bingorekneskap og revisorgodkjenning per bingohall.

Fristar for rekneskapsrapport 

Bingomedhjelparar skal rapportere fire gonger i året.

  • 11. februar – rekneskapsrapport frå medhjelpar for året før
  • 14. april – rekneskapsrapport frå medhjelpar for 1. kvartal
  • 25. august – rekneskapsrapport frå medhjelpar for 1. halvår
  • 14. oktober – rekneskapsrapport frå medhjelpar for 3. kvartal