Norske skip i heilårs rutetrafikk mellom norsk og utanlandsk hamn, kan søke Lotteritilsynet om å arrangere pengespel om bord. Delar av omsetninga skal gå til godkjente organisasjonar.

Norske skip kan få løyve til desse  pengespela  

Reiarlag med norske skip kan søke Lotteritilsynet om å arrangere pengespel om bord.

Det kan gis løyve til

  • kortspel der det ikkje er tillate at spelarane spelar mot kvarandre og som er førehandsgodkjent av Lotteritilsynet 
  • rulett 
  • pengespel som blir tilbydd på spelterminalar jf. pengespelforskrifta § 78 

Pengespela har 18 års aldersgrense og skal berre kunne spelast innanfor eit avgrensa lokale.

Særlege reglar til pengespel på skip finn du i pengspelforskrifta kapittel 13.

Desse skipa har løyve

I dag har alle skipa til Color Line og eitt av skipa til Fjord Line løyve til å arrangere pengespel om bord på skip.

Pengespelregisteret gir oversikt over løyva.

Reiarlaget skal annonsere når dei har ledig plass til godkjente organisasjonar

Førehandsgodkjente frivillige organisasjonar må kontakte reiarlaget for å komme i posisjon til å få overskot frå pengespel om bord på skip.

Minst 20 prosent av omsetninga frå pengespel om bord på skip, etter frådrag for premiar, skal gå til ein eller fleire organisasjonar som er førehandsgodkjent.

Når eit reiarlag skal knytte til seg nye organisasjonar skal det annonserast offentleg på reiarlaget sin nettstad. Dei skal samtidig informere om kva som blir lagt vekt på i deira val av nye organisasjonar.